August Rush

Film / 2007
4/5

Eit musikalsk drama og fantasien til ein adoptert gut er det som best skildrar kva August Rush er. Omstende elleve år i forkant av handlinga i filmen fører til at me har ein gut på barneheim, og to pensjonerte musikarar som ikkje kjenner til at dei har eit barn.

Utan at eg går i detalj på korleis det vart sånn, så går eg rett på sak og seier at dette handlar om korleis dei finn tilbake til kvarandre. Hovudpersonen er ein ung gut spelt av Freddie Highmore, som har eit talent for lytting og skaping av eigen musikk.

August Rush tar han med på flukt frå barneheimen og til New York, der han søker etter foreldra sine og samtidig får foten innanfor som musikar. Utfordringane står på tur for talentet, som er åleine på gata i storbyen.

Formålet til August Rush er å skape litt spenning, men mest god stemning. For å gjere dette er det mykje rart som er putta inn i filmen, både usannsynleg og overdrive, men målet blir uansett nådd. Dette er, mykje på grunn av musikken og det opplagte utfallet til historia, ein film med god stemning.

August Rush 2007 plakat - Filmdagbok

Publisert

24. mars 2016 av

Regi

Kirsten Sheridan

Manus

James V. Hart, Paul Castro, Nick Castle

Skodespelarar

Freddie Highmore, Keri Russell, Jonathan Rhys Meyers, Terrence Howard, Robin Williams, William Sadler, Marian Seldes, Mykelti Williamson, Leon Thomas III, Aaron StatonVis alle 87 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Musikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om August Rush