Aurora Borealis (2005)

Film / 28. mars 2007
4/5

Aurora Borealis er et rett fram senimentalt romantisk drama som med si overhengande tristheit sikter mot kjensleapparatet.

I hovudrolla som delvis mislykka 25-åring busett i Minneapolis har me Joshua Jackson, som etter seks sesongar med Dawson's Creek har satset på film. Fyren er ikkje den beste skodespelaren, men går godt inn i rolla her. Dei som har sett Dawson's Creek vil kjenne igjen rollefiguren med ein gong. For dei som ikkje har, så er Jacksons Duncan en halvveges useriøs fyr med stort hjarte.

Donald Sutherland er filmen sitt sterke ess. I rolla som Parkinsons-ramma og delvis demente bestefaren av Duncan briljerar han, og serverar sterke og ekte scener om korleis det faktisk er å bli gammel.

Sjølve historia er ingenting å hoppe i taket for når det kjem til originalitet. Forventningane til det var ikkje tilstades heller, så lenge det var godt og kjensleladd drama så har traff eg rett. Aurora Borealis når ikkje toppen i kategorien sin, sant må sies, men kjem greit nok ut av det.

Til slutt må eg berre advare dei som vil unngå ein film med klisjear i A4-format, her er det nok av dei. Men alt slikt i ein film, når en forventa det, kan gjere nytten i blant.

Aurora Borealis 2005 plakat - Filmdagbok

Regi

James C.E. Burke

Manus

Brent Boyd

Skodespelarar

Joshua Jackson (I), Steven Pasquale, Katie Griffin, Zack Ward, Tyler Labine, Donald Sutherland, Louise Fletcher, Mark Andrada, Juliette Lewis, Jim Feather

Sjangrar

Drama, Romantikk

Land

USA, Canada

IMDb

IMDb-side om Aurora Borealis

Forfattar