Austenland (2013)

Film / 18. juli 2015
3/5

Ei single amerikansk dame i 30-åra reiser til en Jane Austen-temapark for å finne draumemannen. Ho er oppslukt av Colin Firths Mr. Darcy frå BBCs adapsjon Pride and Prejudice, og dette er en øydeleggande faktor i hennar kjærleiksliv, eller mangelen på eit.

Austenland er en parkoppleving som svir i lommeboka, og der få kundar blir varta opp og får opplevd livet som i en Jane Austen-bok, med skodespelarar som driv parken. Og Jane (Keri Russell) bruker opp sparepengane på turen.

Austenland er ein romantisk komedie, og det er opplagt at Jane vil møte en eller fleire potensielle gentlemen. Kven som er den rette er vanskeleg å sei, da alle på eit vis spelar ei rolle i temaparken. Jane får også et mindre glamorøst opphald ettersom ho ikkje har kjøpt premiumpakken.

Eg har sansen for Jane Austen, eller meir rett adapsjonar av hennar arbeid. Austenland er ingen adapsjon, og lever heller ikkje opp til sitt forbilde, sjølv om oppbygginga til filmens historie er inspirert av en typisk Austen-roman. Men elles er det en heilt grei romantisk komedie, med grei framdrift, små vitsar, eit par uventa og venta vendingar som krydrar det heile.

Austenland 2013 plakat - Filmdagbok

Regi

Jerusha Hess

Manus

Jerusha Hess, Shannon Hale

Skodespelarar

Keri Russell, JJ Feild, Bret McKenzie, Jennifer Coolidge, James Callis, Georgia King, Rupert Vansittart, Ricky Whittle, Jane Seymour, Ayda Field

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

Storbritannia, USA

IMDb

IMDb-side om Austenland

Forfattar