Autumn Dreams (2015)

Film / 25. november 2016
3/5

Dottera til en bonde, og ein sesongarbeidar som hjelper til på garden der ho bur, stikk unna for å gifte seg i skjul. Dei er unge begge to. Men faren hennar får straks nyss om dette, og meiner dei er for unge, og krev at ekteskapet blir annullert.

Femten år seinare lever desse på kvar sin kant, og har ikkje sett noko til kvarandre siden dei blei skilt. Men nå vil skjebnen ha det til at dei skal møtes igjen. Ho er en høgt utdanna kjemikar og bonde på fulltid, mens han er en vellykka børsmeklar i New York.

Autumn Dreams er ein koseleg film, om enn like føreseieleg som det meste av Hallmarks filmar. Den er enkel og noko overflatisk, men stikk ørlite djupare enn mange andre filmar. Eit inntrykk eg har sakna i nokon andre Hallmark-filmar er friksjon. Nokon av historiene har ein tendens til å gå sin gang utan at noko står på spel. Autumn Dreams er betre enn fleire her, sjølv om også denne har litt å gå på.

Det er ein kurant film som er akkurat passe lang, og stort sett klarer å holde interessene frå start til slutt. Noko meir blir ikkje forventa.

Autumn Dreams 2015 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Hallmark

Regi

Neill Fearnley

Manus

Laurie Stevens

Skodespelarar

Jill Wagner, Colin Egglesfield, Rachel Hayward, Ken Tremblett, Bill Dow, Matty Finochio, Tasya Teles, Michael Karl Richards, Ivy Matheson, Matt Visser

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Autumn Dreams

Forfattar