Avalon

Film / 1990
3/5

Avalon er den tredje av Baltimore-filmane til Barry Levinson. Dette er filmar med handlinga lagt til den amerikanske storbyen i perioden rundt 1940 til 1960. Barry Levinson var frå Baltimore, og har henta mykje inspirasjon frå sin eigen barndom og ungdom.

Avalon er ein saga om familien Krichinsky, som med fem brør kom til USA på byrjinga av 1900-talet. Han handlar om ein familie som veks, blir rikare og slår seg opp på butikksal. Historia tar utgangspunkt i ein ekte familie, og spelar ut seg rundt 1950-talet, etter at dei fem brørne har etablert seg og fått barn som igjen har blitt vaksne.

Det er den amerikanske draumen det handlar om. Men filmen er òg ein refleksjon på kostnaden til den amerikanske draumen. Det handlar om ein samansveisa familie med tradisjonar, og korleis denne endrar seg over to generasjonar etter å ha komme til eit nytt land.

Det er stort sett former for rikdom som blir portrettert. Filmen kan såleis seiast å vere eit glansbilde på 1950-talet som ein amerikansk gullalder. Omgrepet gullalder er likevel subjektivt. Byrjinga av det 20. hundreåret var prega av økonomisk framgang i USA. Mens USA på 2000-talet har hatt det sterkaste militære, har herska over verdshava og har hatt den største økonomien. Så dette kan diskuterast.

Avalon er dessverre ingen gullalder innanfor film. Det er den svakaste av Baltimore-filmane eg har sett hittil, som inkluderer Diner og Tin Men. Men Avalon har sine styrkar òg. Etter ein tålmodig første halvdel av den to timar lange filmen tar det seg opp. Frå å vere ei forteljing om ein familie som er mindre spennande til at ting byrjar å skje. I større grad enn tidleg i filmen får me sjå kva rollar dei ulike spelar i både familien og filmen, og kven dei er som personar.

Eg kan innfinne meg med at andre halvdel aldri ville hatt denne effekten utan eit grunnlag lagt i første halvdel. Kritikken min går på at me burde fått hint om kva filmen ville, allereie i byrjinga.

Avalon 1990 plakat - Filmdagbok