Avengers: Age of Ultron (2015)

Film / 12. juni 2016
3/5

Marvel kjem med så mange filmar at eg har problem med å få med meg alle. Det er ikkje helt sant, men heller ikkje langt unna.

Avengers: Age of Ultron er andre Avengers-film ut, om eg ikkje tar feil og om du berre ser på Marvels satsingar. I Avengers-filmane blir stor sett karakterane frå andre Marvel-filmar samla for å kjempe mot ein større og farlegare trussel enn vanleg. Pluss nokon karakterar som stort sett berre sjåast i bakgrunnen.

Iron Man, Captain America, Thor og en hel bøling til kjemper her mot en robot med kunstig intelligens som Tony Stark uheldigvis har skapt. Roboten ønsker å utslette menneskja.

I forkant av filmen vurderte eg å ta tida for å sjå nøyaktig kor mykje av filmen som er spetakkel, og kor mykje som er rolege og historiebyggande scener. Men då eg kom et stykke ut i filmen verka det unødvendig, mesteparten var og kom garantert til å bli skyting, flyging, eksplosjonar, kasting, spetakkel.

Det er mitt største ankepunkt i denne filmen. Det er mykje meiningslaus action, og for lite historie. Eg er fullt klar over kva denne filmen er, men også klar på kva som kunne ha gjort den betre. Det er kurant underhaldning, som er grunnen til at eg ser dette. Men da berre etter det er komme ut på strøymetenester og ikkje kostar meg noko ekstra.

Avengers: Age of Ultron 2015 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Marvel, Avengers

Regi

Joss Whedon

Manus

Joss Whedon, Stan Lee, Joe Simon, Jack Kirby, Jim Starlin

Skodespelarar

Robert Downey Jr., Chris Hemsworth, Mark Ruffalo, Chris Evans, Scarlett Johansson, Jeremy Renner, James Spader, Samuel L. Jackson, Don Cheadle, Aaron Taylor-Johnson

Sjangrar

Action, Eventyr, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Avengers: Age of Ultron

Forfattar