Away We Go
Det finst nok filmar om å finne seg sjølv, og at Away We Go handlar om to personar som skal finne sin familie er i grunn det same. Det som best kan skildrast som ein fin film, er ei reise frå den eine sære familien til ein annan med andre problem
I byrjinga verkar det noko tilfeldig, men etter kvart ser me at tankane til våre to anar den løysinga me har visst om heile tida.
Trass i eit klart og godt tema og skarpt skodespel manglar Away We Go det som skil han ut frå liknande uavhengige dramakomediar.
