Ayn Rand: In Her Own Words

Film / 2011
3/5

Ayn Rand: In Her Own Words er ein biografisk dokumentar om Ayn Rand. Han er fortalt av ho sjølv, ved bruk av lyd- og videoopptak.

Ayn Rand fortel om oppveksten i Russland, flyttinga til USA, forfattarskapet sitt og filosofien sin.

Dokumentaren er interessant og lærerik. Han er tydeleg og presis på filosofien til Ayn Rand. Han er fin å sjå for dei som lurer på kva ho står for, men ikkje ønsker å lese bøkene. Blant anna The Fountainhead og Atlas Shrugged er relativt lange.

Oppbygging og kvalitet er grei. Kanskje det største minuset til filmen at det ikkje er gjort meir ut av han.

Ayn Rand: In Her Own Words 2011 plakat - Filmdagbok