Babel (2006)

Film / 21. november 2006
4/5

Regissøren Alejandro González Iñárritu er nok mest kjent for filmane Amores perros og 21 Grams. Sistnemnte, som eg har sett, gjorde ikkje noko spesielt inntrykk på meg, og eg kan ikkje hugse at eg likte filmen ein gong. Men etter å ha sett Babel kan eg gjerne sette meg ned og prøve igjen.

Denne tredje filmen av Alejandro González Iñárritu som på ein eller annan måte flettar inn ei ulykke i filmen, som er delt i fire deler, er hittil den beste kinoopplevinga eg har hatt i år. Babel hadde kraftfull filmmusikk og nydelege bilde. Og det skar i sjela mi å merke at lydanlegget i kinosalen ikkje takla dei mest nærgåande augneblinkane.

Dei fire delene filmen er sett saman av er alle knytt saman på ein eller annan måte, utan at eg skal legge for mykje i å finne ut av det. Reint kronologisk går det heller ikkje før seg, men Babel treff godt på skiva i sitt forsøk. Me følger ekteparet Jones på busstur i Marokko, to unge gjetarar – også i Marokko, ein meksikansk barnepassar med to barn sør-vest i USA og ei ung japansk jente i Tokyo.

Det som eg synst gjer filmen så bra er kulturskildringane, og det er med handa på hjarte eg kan sei at det er ein av dei beste skildringane av japansk ungdomskultur eg har sett på film. Kontrasten mot Marokko er stor, men ikkje heile vegen. Det går igjen at uansett kor du er i verda, så har alltid menneske nokon likskapar.

Tragedie er også ein raud tråd i filmen. Alejandro González Iñárritu drar det ganske langt. Og spesielt familien Jones får gjennomgå.

Konklusjonen min er at dette var overraska bra. Forventningane mine var låge, og eg klarte ikkje å førestille meg anna enn at det kunne bli litt kjedeleg. Dårleg innstilling før ein film, eg veit. Men dette var ein knallgod film som eg knapt har skrapa overflata på her i denne filmmeldinga.

Babel 2006 plakat - Filmdagbok

Regi

Alejandro G. Iñárritu

Manus

Guillermo Arriaga, Alejandro G. Iñárritu

Skodespelarar

Brad Pitt, Cate Blanchett, Mohamed Akhzam, Peter Wight, Harriet Walter, Trevor Martin (I), Matyelok Gibbs, Georges Bousquet, Claudine Acs, André Oumansky

Sjangrar

Drama, Thriller

Land

Frankrike, USA, Mexico

IMDb

IMDb-side om Babel

Forfattar