Back to School (1986)

Film / 7. januar 2014
4/5

Millionæren Thornton Melon er oppgitt over at sonen hans vil slutte på college, og utfordrar han på å fortsette dersom han sjølv vel å gå tilbake til skulebenken. Og sånn startar filmen om den godt vaksne Thorntons (Rodney Dangerfield) freshman year.

Back to School er en knakande god komedie. Passe tåpeleg, passe fantasifull, men stort sett innanfor realismens grenser. Filmen er god på scener som skapar oppstyr, og desse er greit grunngitt. Og viktigast av alt er filmen god på å ta ting på kornet, og god på timing – og timing er gull.

Thornton er en fargerik fyr som finn på mykje rart. Han er impulsiv, tar mange snarvegar, men snur i blant på femøringen og er smart og løysingsorientert. Denne vekslinga held han litt på avstand frå oss, og skapar en slags mystikk. Men likevel blir me nok kjent med han elles til at han fungerer godt som hovudperson og senter for kjenslene. Forholdet til sonen spelar en stor rolle her.

Eg har lenge visst om Back to School, men har med frykt for at filmen skulle vere tåpeleg og dårleg latt vere å sjå han. Dette har fullt og heilt vore fordi eg ikkje har sett meg godt nok inn i handlinga. No når eg endeleg så han blei alle fordommar blåst tilsides. Gammal mann på college fungerer godt.

Back to School 1986 plakat - Filmdagbok

Regi

Alan Metter

Manus

Rodney Dangerfield, Greg Fields, Dennis Snee, Steven Kampmann, William Porter, Pj Torokvei, Harold Ramis, Rich Eustis

Skodespelarar

Rodney Dangerfield, Sally Kellerman, Burt Young, Keith Gordon, Robert Downey Jr., Paxton Whitehead, Terry Farrell, M. Emmet Walsh, Adrienne Barbeau, William Zabka

Sjangrar

Komedie, Romantikk, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Back to School

Forfattar