Back to the Future Part II

Film / 1989
4/5

Andre del av filmtrilogien Back to the Future er nesten like god som den første. Historia held fram like etter at Marty McFly (Michael J. Fox) har kome tilbake til 1985 frå eventyret i første film.

Det er som første film aldri tok slutt, med full fres frå første minutt. Likevel klarar Back to the Future Part II å etablere seg som ein film med sjølvstendig historie. Me blir med Marty og Doctor Emmett Brown (Christopher Lloyd) til år 2015, der dei skal hindre vidare framtid frå å bli dyster for etterkommarane til Marty.

Det blir så komplisert trøbbel på grunn av tidsreise, og utfordringane blir mange for å få rydde opp igjen tidslinja. I tillegg til nok av andre utfordringar.

Back to the Future Part II gjer ein god jobb i å etterlikne og spele på det som utgjorde førre film. Han legg òg til ein ekstra dimensjon ved å legge deler av handlinga samtidig som handlinga i førre film. Den intrikate handlinga med å snike seg rundt i første film blir altså her følgd opp av sniking rundt snikinga igjen.

Med dette blir det nødvendige ekstra for å skilje ut filmen tilført, og den totale opplevinga blir nesten like god som i Back to the Future. Det er ingen tvil om at det er verdt å følge opp med å sjå denne.

Back to the Future Part II 1989 plakat - Filmdagbok