Back to the Future Part III

Tredje og siste del av filmtrilogien Back to the Future er ein samanhengande etterfølgjar av Back to the Future Part II. Andre og tredje film blei produsert i lag, og kom med knapt eit års mellomrom.

I Back to the Future Part III flyttar me oss også rundt i tid, men brorparten av handlinga går føre seg i år 1885, med ville vesten som bakteppe for handlinga. Sjangeren er såleis science fiction, western og komedie.

Også dette er ein god film, og fortener kanskje meir ros enn eg er villig til å gi her og no. Men sett i lys av forgjengarane sine er dette ein hakket svakare film. Dette er fordi han ikkje klarer å skape ein god nok ny vri. I Back to the Future var alt nytt, i Back to the Future Part II blei problematikken rundt hopping i tida og dobbelhopping i tida (i mangel på eit passande ord) utvida. Mens me i Back to the Future Part III enkelt nok har fått ein ny tidsperiode å reise til.

Det er solid underhaldning. Det er også svært spennande til tider. Filmen går unna som eit olja lyn, og byr på mange fargerike karakterar, små stikk til handlingane i tidlegare filmar, oppfinnsame løysingar på problema som måtte dukke opp. Det er ingen tvil om at også denne må sjåast om du likar kva dei førre filmane har levert så langt.

Back to the Future Part III 1990 plakat - Filmdagbok