Back to the Future

Den klassiske tidsreise- og tenåringsfilmen frå 1985, Back ot the Future, har for lengst etablert seg som ein lett uforgløymeleg film i filmhistoria. Og det er ingen ufortent plass. Filmen er både essensen av samtidig tenåringsfilm, og morosam og spennande science fiction.

Handlinga dreier seg rundt Marty McFly (Michael J. Fox), hans spesielle oppfinnarvenn Dr. Emmett Brown (Christopher Lloyd) og familien til Marty. Eventyret startar då Dr. Brown viser Marty si nyaste ferdige oppfinning, sitt livsverk og hjartebarn, ei tidsmaskin bygd inn i ein bil av merket DeLorean. Herifrå var det berre å lene seg tilbake og oppleve komedie, tidsreise og teoretiske problem tidsreiser kan føre til.

Blant dei kvalitetane filmen har er det nokon som stikk seg ekstra fram. Filmen er pakka med innhald, og slappar ikkje av eit sekund trass i at han er nærare to timar lang. Spenningssekvensane er bygd opp med presisjon. Også handlingar som karakterane skal utføre må utførast med presisjon. Om desse handlingane uansett må gå bra, så er det framleis spennande.

Historia er sprø og eit komplisert tema blir forklart på enkelt vis. Då hjelp det også at det ikkje blir tatt for høgtideleg. Antatte sanningar får sin plass, usannsynlegheiter også. Derav mykje av komedien til filmen.

Back to the Future er modig. Stunta verkar passe ekte og dermed elleville. Det er litt mindre kreativ kameraføring enn eg er van med i nyare filmar, og det gir inntrykk av at ting er meir ekte. Det er ubetydeleg om det er sånn, for filmen handlar om resultatet.

Sist, men ikkje minst, vil eg streife innom filmen som essensen av samtidig tenåringsfilm. Eg har sett min del innan sjangeren frå 1980-talet, og Back to the Future har på sitt vis inkludert mange av dei vanlege grepa og ideane. Det er ein nostalgisk film om ungdomstida på 1950-talet, i form av tidsreise. Det er ei sprø oppfinning som snur opp ned på livet til hovudkarakteren, iallfall for ei stund. Det er dei mobba og undertrykte som motbeviser bøllene. Typiske interesser som musikk og rullebrett har ein plass i filmen, men er nok ikkje avgrensa til denne tidsperioden. Mykje går på måten filmen tar opp alle desse tinga på, lett og ikkje så seriøst, uhøgtideleg og utan å prøve for hardt.

Back to the Future er ein film du må sjå om du likar komedie, uavhengig av om du bryr deg om at det er 1980-talet eller ein tenåringskomedie.

Back to the Future 1985 plakat - Filmdagbok