Bad Education (2012–2014)

Serie / 22. oktober 2014
3/5

Komiserien Bad Education i 30 minuttarsformatet frå BBC har i skrivande stund gått i tre sesongar. Om det blir en fjerde er ikkje bestemt, men det kan verke som at serien er over av to årsaker: Jack Whitehall har gått i gang med å legge grunnlaget for en amerikansk adapsjon. Og skuleklassen me følger i serien er blitt uteksaminert.

Britiske seriar er i hovudsak en manusforfattars produkt, derfor er sesongane kortare og sesongane færre enn den typiske amerikanske serien, som ofte er en produsents produkt.

Bad Education handlar om en lærar (Jack Whitehall), som er meir barnsleg enn den bråkete klassen sin, og som ønsker å gjere minst mogleg ut av seg. Dette gjer at elevane hans både likar han og gjer narr av han.

Serien har først og fremst likandes karakterar. Humoren er dristig, men samtidig er han innafor rimelegheitens grenser. Enkelte episodar byr på latter, men for det meste er det humring.

Mine førebels konklusjon, i tilfelle serien blir forlenga, er at Bad Education er en fin serie å følge. Men at andre nyare britiske komediar som Friday Night Dinner og The Inbetweeners byr på langt meir latter. Eventuelt Fresh Meat, også med Jack Whitehall, en collegekomedie med 50 minuttars episodar.

Bad Education 2012-2014 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

BBC

Skapar

Jack Whitehall

Skodespelarar

Jack Binstead, Mathew Horne, Ethan Lawrence, Kae Alexander, Nikki Runeckles, Sarah Solemani, Jack Whitehall, Layton Williams, Charlie Wernham, Jack Bence

Sjanger

Komedie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Bad Education

Forfattar