Bad Moms

Film · 2016 · · 27. januar 2019
3/5

Eg var ein stad midt mellom open for å bli overraska og skeptisk i forkant av å sjå Bad Moms. Eg såg for meg at dette skulle bli ein reindyrka rølpefilm, men den Jon Lucas- og Scott Moore-regissert filmen bydde på meir.

Mila Kunis er i spissen for tre mødre. Ho ser seg lei av alt maset og presset rundt det å vere mor i eit miljø der foreldremøte, bakesal og framføringar i skulen tek mykje tid. I lag med den allereie avslappa Kathryn Hahn og ei usikker, men einig Kristen Bell, vil ho snu opp ned på dette.

Mila Kunis er det seriøse alibiet i filmen med si hovudrolle. Det ho må gjennom i løpet av ein dag for å vere det ho trur er ei god mor, er altfor mykje. Opprøret ho gjer mot tilvære er den gode kjerna til filmen.

Kathryn Hahn er det rølpete innslaget. Det er kuk og puling og få andre ord som kjem ut av munnen hennar. Kathryn Hahn er ei artig dame, men det ho får å sei i Bad Moms er ikkje alltid like artig. Hennar frekke ordbruk er ikkje humor i seg sjølv, og blir fort repetisjon.

Kristen Bell hamnar litt på sidelinja. Ho skal vere den rare og uføreseielege, men framstår like mykje som ein ustabil person. Det som blir sigeren hennar mot slutten er ikkje ein siger eg opplev som tilfredsstillande, men i større grad som hemn.

Trass i at filmen gjer mykje rart og dumt undervegs, mistar han aldri fokus på den gode kjerna. Difor kan eg mot slutten sei at eg likte Bad Moms.

Bad Moms 2016 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Mila KunisKathryn HahnKristen Bell (I)Vis alle

Sjanger

Land