Bad News Bears (2005)

Film / 3. april 2006
3/5

Denne filmen såg eg i utgangspunktet før jul, men ettersom eg heilt hadde gløymt å skrive om han her, så får eg putte inn det eg hugsar. For det er jo litt av poenget med Filmdagbok, å få inn alle filmane eg har sett.

Me møter Morris Buttermaker, spela av Billy Bob Thornton, ein karakter som i sin alkoholiserte veremåte kan minnast ganske sterkt om rolla Billy Bob Thornton gjorde i Bad Santa. No skal det seiast at denne filmen er ei nyinnspeling av ein film med same tittel frå 1976, som eg ikkje har sett, men eg har ein sterk mistanke om at Glenn Ficarra, som både har vore med å skrive Bad Santa og Bad News Bears, hadde Billy Bob Thornton i tankane når han valde å vere med å lage denne filmen på nytt.

Men for å komme til poenget mitt, denne filmen var eigentleg ikkje noko spesielt, verken i å vere morosam eller interessant. Iallfall hugsar eg han ikkje som sånn no, sikkert fire månader etter at eg såg han.

Bad News Bears 2005 plakat - Filmdagbok

Regi

Richard Linklater

Manus

Glenn Ficarra, John Requa, Bill Lancaster

Skodespelarar

Billy Bob Thornton, Greg Kinnear, Marcia Gay Harden, Sammi Kane Kraft, Ridge Canipe, Brandon Craggs, Jeffrey Davies, Timmy Deters, Carlos Estrada, Emmanuel Estrada

Sjangrar

Komedie, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Bad News Bears

Forfattar