Bad Santa

Film / 2003
4/5

Billy Bob Thornton som alkoholisert julenisse og butikkranar får god hjelp av ein feit liten unge og fleire absurde karakterar. Dei gjer akkurat så mykje faenskap ut av førjulssatiren at eg kan godta dei sentimentale tonane som klingrar så svakt gjennom ulike sider av filmen. Eg blei begeistra av den mørke humoren.

Men så møter mannen eit par folk som snur tilværet hans opp ned, både av den gode og dårlege sorten.

Bad Santa gjer ein god vri på julefilmen. Det er passe mørk humor, og Billy Bob Thornton-karakteren er så dritsekk at du ikkje kan unngå å like han.

Det heile roar seg litt for mykje ned i siste akt før oppkøyringa mot slutten, men er udiskutabelt ein av mine favorittar med jul som tema. Om ikkje med den mest originale vrien, så er dette likevel tipp topp underhaldning, enten det er snakk om å sjå filmen om sommaren eller rundt juletider.

Eg hadde eg ikkje dei store forventningane. Eg trudde det skulle bli ein uskyldig og straumlinjeforma julekomedie. Men vrien der julenissen er ein alkoholisert forbrytar er ganske morosam, og men ein solid dose irriterte karakterar blir det god spenning i filmen.

Bad Santa 2003 plakat - Filmdagbok