Bagboy

Bagboy eller National Lampoon's Bagboy som han i stor grad vil vere nemnt som i dei aktuelle samanhengande, er ein film du i stor grad av sannsyn ikkje kjem til å høyre noko om eller sjå. Om du ikkje skulle snuble over eit billeg stativ i bakarste hjørne av bensinstasjonen eller aktivt oppsøke nye filmar frå National Lampoon i blant. Eg er verken eller, då eg kom over tittelen på ei liste over lanseringar, men kan nok bli samanlikna med stativsnokarane om nødvendig.

Sett i National Lampoon-samanheng er Bagboy eit lite under, her er verken fokus på fyll, fest eller nakne kvinner med silikonpuppar. Om ideen omkring ein handleposepakkar, på amerikansk kalla bag boy eller bagger, er så mykje sterkare er eit godt spørsmål, men det er jo måten det blir gjennomført på som er tingen.

Paul Campell, for nokon kjent som hjelparen til den kvinnelege presidenten i Battlestar Galactica, spelar i hovudrolla som ein talentfull posepakkar med gode moglegheiter innanfor posepakkemeisterskap. Dette er like kjedeleg som det høyres ut som, men no tar det ei stund før denne delen av historia kjem i gang.

Før startskotet går skjer det heller lite. Ei halvdårleg kjærleikshistorie, vitsar som ikkje treff, skodespelarar som er verken morosamt dårlege eller nemneverdig gode. Alt i alt leverer Bagboy berre tilstrekkeleg til ikkje å bli skrekkeleg, men god er han ikkje. Eg hadde i det minste forventa ein del rølpete historien.

Bagboy 2007 plakat - Filmdagbok