Bakjwi (2009)

Film / 1. februar 2010
4/5

Vampyrfilm er populært, og for å tilfredsstille folket har eg avgjort å skrive eit par velvalde ord om Bakjwi, som er ute på det internasjonale filmmarknaden under tittelen Thirst.

Først skal det nemnast at Thirst er ein god film. Den er sør-koreansk og laga av Park Chan-Wook, som mellom anna har laga Oldeuboi. Så er Thirst ein lang film, men det går fint fordi den heile tida utviklar seg, innanfor ei historie og med overgang til nye. Dei som har sett film av Park Chan-Wook tidlegare vil kanskje forvente brutale scener; dette blir servert, men dei stel ikkje showet.

Humoristiske innslag som eg stort sett set pris på i sør-koreansk film, er det passe mange av til at dei fungerer som avbrekk og lettar på stemninga. Det var lett å merke at publikum sette pris på desse i den elles så mørke tematikken, og publikum under filmklubb og cinematekvisingar er godt over gjennomsnittet til å hente ut fornuftige inntrykk av.

Framstillinga av vampyrskapninga er gjerne grunnlag for diskusjon når nyskapande variantar kjem på bane. Kor nyskapande vampyrane er her har eg ikkje nok kunnskap til å uttale meg om, men deira avstand frå en dyrisk framstilling var en eg sette pris på — her er det ingen tenner.

Verdt å få med seg både for vampyrelskande og vanlege. Om kanskje ingen kandidat for topplassering på årslista mi, så fin å sjå på kino. Både for variasjonen og underhaldninga si del.

Bakjwi 2009 plakat - Filmdagbok

Regi

Chan-wook Park (I)

Manus

Émile Zola, Chan-wook Park (I), Seo-Gyeong Jeong

Skodespelarar

Kang-ho Song, Hie-jin Choi, Dong-soo Seo, Hwa-ryong Lee, Mi-ran Ra, In-hwan Park, Eriq Ebouaney, Thati Peele, Jong-ryol Choi, Yong-wan Goo

Sjangrar

Drama, Grøssar, Romantikk

Land

Sør-Korea

IMDb

IMDb-side om Bakjwi

Forfattar