Ballet mécanique (1924)

Film / 30. januar 2007
2/5

Litt kunstfilm i studiesamanheng, ikkje til å bli forveksla med filmkunst. Denne korte greia av Fernand Legér og Dudley Murphy påpekte forelesaren vår at han hadde brukt som trusselmiddel for studentar som ikkje hadde lyst å møte opp på øvingar den gangen det var obligatorisk i faget med namnet estetisk kommunikasjon.

Eg synst ikkje dette var det verste, men det var takka vere at me vart vist en versjon med musikk av George Antheil til. Og filmen var seinka til normal hastigheit. Det er i utgangspunktet snakk om en drøss med stillbilde i rørsle, for å seie det på fint, altså 20 minuttar med usamanhengande inntrykk. Ei tolmodprøve for mange. Sjølv kjem eg nok aldri til å sjå dette igjen, for spesielt spennande var det ikkje, men eg kjem til å hugse den påtrengande pianomusikken som veldig stemningsskapande og det absurde i bilde som litt komisk oppi alt.

Ut i frå alt pensumet eg har lese omkring filmen kunne eg skrive mykje rart, og mykje kjedeleg her, men eg gir meg. Reknar ikkje med nokon andre har interesse av å vite om ein sånn film heller. For mi eiga del er dette et avslutta kapittel.

Ballet mécanique 1924 plakat - Filmdagbok

Regi

Fernand Léger, Dudley Murphy

Manus

Fernand Léger

Skodespelarar

Kiki of Montparnasse, Fernand Léger, Dudley Murphy, Katherine Murphy (III), Katrin Murphy

Sjanger

Kort

Land

Frankrike

IMDb

IMDb-side om Ballet mécanique

Forfattar