Bambi

Med Bambi held eg fram initiativet til å få sett fleire Disney-klassikarar. Eit slags lite prosjekt som blei påbyrja i desember 2020, som følgjer av titlane Disney+ har lett tilgjengeleg innanfor ein kurant månadspris. Bambi er ein film eg ikkje har sett i heilskap, men som eg har fått med meg isdansen frå på julaftan i mange år.

Ut frå den nemnte isdansen så hadde eg ikkje dei høgste forventingane. Og eg blei positivt overraska over kor poetisk og alvorleg filmen kan vere. Det er animert dyre- og skogsliv i store mengder, som tar seg godt ut med nydeleg musikk. Det er ei forteljing om dei ulike fasane i livet, som vektlegg både glede og sorg, motgang og lykke. Eg visste nok til å vente på sorga, og det gjorde meg litt spent korleis det ville løysast.

Rangeringa eg gir til Bambi er på kanten til å vippe oppover, men av enkle grunnar som går på generell smak så når ikkje dette høgare. Eg er glad for å ha sett filmen, kan finne på å sjå dei mykje seinare oppfølgjaren, og har ikkje stort vondt å sei om han.

Bambi 1942 plakat - Filmdagbok