Bananas

Film / 1971
3/5

Den tredje langfilmen til Woody Allen er ein politisk komedie tydeleg inspirert av forholdet mellom USA og Cuba, revolusjonen og synet på den tida på folk med feil meiningar. Den uutdanna Fielding Mellish (Woody Allen) blandar seg inn i demonstrasjonskulturen som har universitetsstudentar i spissen, og deira støtte for opprør i det fiktive landet San Marcos som nyleg har lidd under eit politisk kupp. Som hovudrolleinnehavar gjer Woody Allen veldig mykje ut av seg i form av fysisk humor og kløne. Litt enkelt er det, men det fungerer om du er positivt innstilt. Den politiske vinklinga ligg fint å duppar i overflata og har i blant gode poeng. God nok film.

Bananas 1971 plakat - Filmdagbok