Band Camp (2005)

Film / 30. august 2013
2/5

For å vere helt ærleg, eg hadde ingen forventningar til denne filmen. Men berre to av personane frå den origianle rollebesetninga frå dei ekte filmane i American Pie-franchisen, Eugene Levy og Chris Owen, korleis kan det vere mogleg å levere noko? Vel, American Wedding var ikkje store greiene heller, men den var i det minste laga med tanke på kino (framfor rett-på-video). Band Camp gir oss med rett-på-video statusen sin oss ingen grunn til å tenke høge tankar om den.

Band Camp er en spin-off som spinn rundt Steve Stifler sin yngre bror, Matt. Det er ikkje den same fyren som spela Matt i dei andre filmane, men en ny fyr som eigentleg ser ut til å passe betre inn. Det er den første av hittil fire spin-offs til American Pie-filmane.

Trass i lave forventningar, filmen går greit unna. Matt startar som en trøbbelmakar, som prøver å leve opp til broren sin legendestatus, men endrar seg etter kvart til å bli snillar, ingen overrasking her. Filmen er langt i frå noko nytt, men sper på med kjente American Pie-element: Flaue scener og nerdar. Forskjellen er, Matt er ikkje som Jimbo i American Pie, han er en Stifler tvers gjennom, så komikken blir ganske annleis når han rotar ting til. Etter en pøbelstrek blir han straffa med deltaking på sommarens musikkleirskule.

Filmen er kjedeleg og har eit enkelt handlingsforløp. Han er føreseieleg og har mange lite oppfinnsame sprell. Tidsfordriv er det best skussmålet filmen kan få. Som med dei seinare spin-offane er dette berre American Pie i namnet.

Band Camp 2005 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

American Pie

Regi

Steve Rash

Manus

Adam Herz, Brad Riddell

Skodespelarar

Eugene Levy, Tad Hilgenbrink, Arielle Kebbel, Jason Earles, Crystle Lightning, Jun Hee Lee, Matt Barr, Chris Owen, Lauren C. Mayhew, Angela Little

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Band Camp

Forfattar