Band of Brothers

Vala mellom måtene å starte innlegget på når eg skal skrive om Band of Brothers verkar å vere like mange som soldatar i Easy Company. Den enkle utvegen blir å kalle serien ei lenger skildring av kampane til eit enkelt kompani under andre verdskrig, men eg vil først og fremst vektlegge følgjande i opningsavsnittet: Ein merknad til variasjonen denne krigsserien på ti episodar står for.

Den kritikarroste, prisvinnande og godt mottatte serien til HBO er enkel å skryte av. Eg vil ikkje trekke fram noko som står seg ut som betre enn alt det andre, eg vil også passe meg for å sette enkeltdeler opp mot kvarandre. Når eg no er fullstendig klar over at eg vil bruke ein av dei mest oppbrukte metaforane er eg ikkje mindre i tvil om at alle puslebitane i lag utgjer det store bilde.

Så var det variasjonen, som er like naturleg som utviklinga i krigshistoria til Easy Company, handtert på ein måte som gjer at serien ikkje slår seg til ro og ikkje skapar tryggleikskjensla eg ofte forventar i seriar.

Ti episodar består av den hardaste treninga, dei blodigaste kampane, dei tyngste dagane og dei verste avsløringane. Intensiteten kan kjennast på kroppen i fleire av hendingane. Skildringane er på høgde med det beste på film, mitt forhold til krigsfilm gjer moglegheitene for samanliknar avgrensa. Eg kan likevel i skrivande stund trekke fram kinesiske Assembly med lik skildring av kampar i røff og skiten stil.

Episodane er spreidd over åra 1942–1945, og er enten fortalt frå ein allvitande ståstad eller frå enkeltsoldatar som har overlevd og levd lenge nok til å dele historiene sine med Stephen Ambrose, forfattaren av boka som serien er basert på. Variasjonen ligg ikkje berre i situasjonane, forteljarstilen endrar seg og gir oss moglegheit til å oppleve både soldatane og relasjonane deira på mange måtar.

Miniserien har ein fordel. Han kan behandle karakterar med større fridom enn skiljet mellom gjesteroller og faste roller ofte gjer. I Band of Brothers vil enkelte ansikt utmerke seg meir enn andre over tid, Damian Lewis og Ron Livingston går oftast igjen og utgjer ei slags kjerne, men kan like fullt hamna i bakre rekke når andre soldatar har viktige historier.

Denne måten å oppleve ein serie på er uvant for meg. Eg likar å ha oversikt over eit persongalleri, gjerne med ein eller få sentrale roller. Band of Brothers er ikkje frisloppen, men krev litt ekstra, her blir gruppa av folk variert over tid, folk du knapt la merke til i starten står igjen seinare, og motsett. Samhaldet er hovudrolla.

Ikkje alt går like mykje inn på meg, nokon episodar er lange, andre er hypnotiserande gode og for korte. Eg kan vel så godt like dei dialogfrie, kulepeprande kampane som kalde nedgangstider og set pris på at dette ikkje er ti timar med formål om å vise halsbrekkande og påkosta kampar, men også nærgåande og dramatisk, med fokus på ulike sider av samhaldet til soldatar i krig.

Band of Brothers er ein god serie eg blei hekta på, men for å sette det i perspektiv har eg blitt meir hekta på betre seriar. Det har med interessene mine å gjere.

Band of Brothers 2001 plakat - Filmdagbok

Publisert

12. september 2008 av

Merkelapp

HBO

Skaparar

Stephen Ambrose, Steven Spielberg, Tom Hanks

Skodespelarar

Scott Grimes, Damian Lewis (I), Ron Livingston, Shane Taylor, Donnie Wahlberg, Peter Youngblood Hills, Matthew Leitch (I), Rod Strohl, Nicholas Aaron, Philip BarantiniVis alle 186 skodespelarar

Sjangrar

Action, Drama, Historie, Krig

Land

Storbritannia, USA

IMDb

IMDb-side om Band of Brothers