Banlieue 13

Banlieue 13 er ein fransk film. Til forskjell frå den like Logan's Run har skaparane her valt eit scenario som ligg nærare i tid og realisme.

Forstadane til Paris er i sentrum for all sin kriminalitet, her har styresmaktene valt å mure inne dei verste, og distrikt nummer 13 er ein av dei. Eg ser mange likskapar med Escape from New York i miljø og tidsramme. Handlinga er som følger: Den største narkobaronen i distriktet har fått handa på ei bombe som vil utrydde alt innan åtte kilometer radius om ho ikkje blir stoppa i tide. Ein innfødd tøffing som veit forskjellen på rett og feil må samarbeide med dei beste politimennene i Paris for å finne bomba.

Stilen til Banlieue 13 er ganske glatt. Baronen har ein hær med muskelmenn i feite bilar som vernar han. Slåstinga er kul, men svært rein stilmessig. Ingenting av dette hindrar Banlieue 13 i å vere tøff, her er det så mange rå stunt at det berre er å glise av, når du veit at filmen har unngått dataanimasjon. Mest parkour, for dei som er kjent med det. Litt ekstra glede ligg i at hovudrolleinnehavaren David Belle (Leito i filmen) var han som fann opp parkour. Luc Besson har vore med å sette sitt preg på filmen gjennom manuset i positiv ånd. Banlieue 13 er ikkje ein spesielt djup film, men ei aldri så lita energibombe.

Banlieue 13 2004 plakat - Filmdagbok