Bao chou (1970)

Film / 3. september 2014
3/5

Gangsterfilmen Vengeance! handlar om ein mann som skal hemne drapet på broren sin. Kona til broren er en attraktiv dame, og mektige menn så seg villige til å drepe han for å få henne.

Og da dukkar Kuan Hsiao Lou (David Chiang) opp. Han oppsøker relevante personar, avdekkjar motivet, og arbeider seg systematisk mot hovudpersonen bak drapet.

Vengeance! er en Shaw Brothers Studio-produksjon som spela ei sentral rolle for selskapets vidare filmar og for kampsportfilmen som sjanger. Filmen var en av dei første der handlinga gjekk for seg på 1900-talet, og skal dermed ha vore med å bane vegen vidare for blant anna den type film som Bruce Lee blei kjent for.

Som kampsportfilm består Vengeance! mest av knivslåsting og judo, og mindre av kung fu. Det er en blodig sak, og dramatisk såleis. Men eg klarte ikkje å sette nok pris på historia til at eg lét meg engasjere. Dette er filmens største mangel, for både slåsting og en kunstnarisk tone er med på å heve sjølve produksjonen til et meir enn akseptabelt nivå.

Forventningane mine låg nærare opp til dette som en kung fu-film. Mitt mangelfulle forarbeid kan dermed ha spilt inn. Men hadde filmen vore skikkeleg god, så ville eg uansett latt meg overraske positivt, og eg konkluderer dermed med at dette ikkje når heilt opp.

Bao chou 1970 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Shaw Brothers Studio

Regi

Cheh Chang

Manus

Cheh Chang, Kuang Ni

Skodespelarar

David Chiang, Lung Ti, Ping Wang, Yen-Ching Ou, Feng Ku, Chih-Ching Yang, Yuan Chuan, Pin Ho (I), Sing Chen, Lei Cheng

Sjangrar

Action, Drama, Romantikk

Land

Hongkong

IMDb

IMDb-side om Bao chou

Forfattar