Barbarella (1968)

Film / 23. november 2009
3/5

Barbarella er det beste frå to verder, ein herleg tåpelege b-film samtidig som han har vakre Jane Fonda i hovudrolla. Eit pulserande romskip med innreiing av pels i veggar og tak er basen til Barbarella, ei ung kvinne som er uvitande om kva vondskap og våpen er. Ho er barn av eit pasifistisk styre av verdsrommet, og må legge ut på eit farleg oppdrag i å stoppe ei gjenoppblussing av krig.

Filmen rettar seg mot ei sensuell Barbarella heile vegen, og at det verka å skulle vere seriøst er noko som gjer det så vanvittig artig, når ikkje den tynne historia skin gjennom og det blir kjedeleg då.

Barbarella 1968 plakat - Filmdagbok

Regi

Roger Vadim

Manus

Terry Southern, Roger Vadim, Claude Brulé, Vittorio Bonicelli, Clement Biddle Wood, Brian Degas, Tudor Gates, Jean-Claude Forest, Charles B. Griffith

Skodespelarar

Jane Fonda, John Phillip Law, Anita Pallenberg, Milo O'Shea, Marcel Marceau, Claude Dauphin, Véronique Vendell, Giancarlo Cobelli, Serge Marquand, Nino Musco

Sjangrar

Eventyr, Fantasi, Science fiction

Land

Frankrike, Italia

IMDb

IMDb-side om Barbarella

Forfattar