Barbershop (2002)

Film / 5. april 2008
4/5

I denne uformelle filmen blir me kjent med folk i eit nabolag gjennom å følge ein herrefrisør i Chicago. Mange små historier har sitt utspring i folka som stikk hovudet innom for å snakke og klyppe håret.

I senter er Ice Cube, i det som eg vil anta er hans beste film. Det er ei passe blanding av komedie og drama, og det viktigaste av alt er at dei skapte karakterane er interessante å følge.

Eg kjem i god stemning, og lev meg godt inn. Dette er ein film lagt til eit avgrensa miljø, og eg har også sansen for det.

Barbershop 2002 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Barbershop

Regi

Tim Story

Manus

Mark Brown, Don D. Scott, Marshall Todd

Skodespelarar

Ice Cube, Anthony Anderson, Cedric the Entertainer, Sean Patrick Thomas, Eve, Troy Garity, Michael Ealy, Leonard Earl Howze, Keith David, Jazsmin Lewis

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Barbershop

Forfattar