Barbershop (2005–2005)

Serie / 12. november 2005
3/5

Samanlikna med den andre Showtime-komedien eg har sett på den siste tida, Weeds, så tykkjer eg denne ligg nokre hakk over med tanke på dialogane.

Det er ikkje den beste komedien eg har sett, men eg likar Barbershop-konseptet. Og eg likar generelt on location betre enn situasjonskomediar når det gjeld tv-komediar, og Scrubs er ein klar favoritt.

Viss det kjem ein ny sesong ser eg for meg at eg vil sjå han etter at han er ferdig å gå på tv, for eg vil ikkje klare å følge med på denne på frå veke til veke, så god er ikkje serien.

Omar Gooding sin versjon av Calvin, karakteren Ice Cube spelte i filmane, var god. Kanskje også betre enn originalen?

Barbershop 2005-2005 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Barbershop, Showtime

Skapar

John Ridley

Skodespelarar

Omar Gooding, Gbenga Akinnagbe, Anna Brown, Wes Chatham, Leslie Elliard, Barry Shabaka Henley, Toni Trucks, Dan White (V), Doran Reed, Kipp Shiotani

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Barbershop

Forfattar