Barbershop: The Next Cut (2016)

Film / 1. oktober 2016
3/5

Tolv år etter Barbershop 2 er mennene og nå kvinnene i frisørsalongen tilbake på film. Dei har blitt langt vaksnare siden sist, og nabolaget har endra seg til det verre.

Det er uro i bydelen av Chicago kor salongen ligg som er kjerna i filmen. Det er en politisk og samfunnspreget undertone av det som elles framstår som en lettfordøyeleg film.

At Barbershop: The Next Cut tar opp seriøse tema er den styrke. Det humoristiske poengene og det mellommenneskelege dramaet er for tynt. No er det mange år sidan eg så dei to første filmane, men eg minnes at samtalen og dramaet var betre i de.

Kor Barbershop: The Next Cut står politisk er ei sak eg kunne skrive meir om. Her er det mykje eg ikkje likar. Men et godt poeng som blir fremja er når nokon seier at dei må ordne opp i nabolaget sitt sjølv, og ikkje forvente at politikarane skal gjere noko. Og dei meiner på fredeleg vis, ikkje med makt.

Utan koplinga til tidlegare filmar hadde eg nok oversett denne filmen. Det blir heller ingen anbefaling, så sant du ikkje har sett dei gamle du også, og er nysjerrig. På den måten er ikkje dette nokon dårleg sak heller. Det er berre det at den er for anonym.

Barbershop: The Next Cut 2016 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Barbershop

Regi

Malcolm D. Lee

Manus

Kenya Barris, Tracy Oliver, Mark Brown

Skodespelarar

Ice Cube, Cedric the Entertainer, Regina Hall, Sean Patrick Thomas, Eve, Anthony Anderson, Jazsmin Lewis, J.B. Smoove, Common, Nicki Minaj

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Barbershop: The Next Cut

Forfattar