Barcelona

Sidan 1990 har Whit Stillman laga fire filmar. Barcelona er den andre filmen, og me får eit gjensyn med Taylor Nichols og Chris Eigeman som var med i Whit Stillman-debuten Metropolitan frå 1990.

Me er i Barcelona der Ted Boynton (Taylor Nichols) jobbar som salsmann for et amerikansk firma. Ted er stiv og veldig opphengt i å snakke, meine ting og følge rare prinsipp. Så dukkar fetteren Fred opp (Chris Eigeman), som trass i ein befaltittelen frå marinen er ein frilynna person. Fred sitt besøk vil snu opp ned på livet til Ted og forholdet hans til kvinner.

For meg blir filmane til Whit Stillman som eit godt alternativt tillegg til filmane til Woody Allen frå 1980-talet. Det handlar om god dialog og folk med meiningar. Oppå det heile er det gjerne ei kjærleikshistorie. Nokon av karakterane er litt rare, hovudpersonen kan om eg strekk det langt nok, minne litt om ei typisk Woody Allen-hovudrolle. Humoren ligg derimot lengre unna, og er ikkje fullt så direkte som hjå Woody Allen.

Barcelona traff meg ved å bruke byen som bakteppe. Det er ein nydeleg by som her blir brukt for å skape stemning og gjere oss til turistar. Som ein eigen karakter hindrar byen oss i å ha kontroll. Som plass for handlinga i filmen kjennest alt mellombels. Mest av alt er det ein vag mystikk rundt Barcelona, som er vanskeleg å sette fingeren på.

I blant kan samtalane i Barcelona vippe over mot det kjedelege. Det som hindrar filmen frå å bli kjedeleg med dei er at innhaldet i samtalane i stor grad speglar kven dei er. For mykje snakk er tett knytt til personlegdommen til ein karakter. Med andre ord bidrar også repetisjonane av tidlegare ytra meiningar nok ein gong til å styre filmen framover.

Elles har filmen fin flyt. Vi følger Ted og Fred over eit kortare tidsrom, dei forandrar seg som personar, ei endring som alltid er lett å akseptere.

Barcelona 1994 plakat - Filmdagbok