Bare Bea

Bare Bea er ein norsk ungdomsfilm frå 2004 som er regissert av Petter Næss. Han handlar om 16 år gamle Bea som er jomfru. Utfordringa hennar er at typen ho likar, likar ho tilbake. For det er slik i venninnegjengen at du når du skal ha sex for første gong, så skal det ikkje vere med nokon du er forelska i.

Eg vil tru at dette i hovudsak er ein film for dei som var ungdommar rundt 2004, eller har ei spesiell interesse for tenåringsfilmar. Mi interesse er hovudsakleg på amerikanske tenåringsfilmar, og har vore det sidan eg sjølv var ungdom og såg American Pie. Men i forlenging av den interessa er også Bare Bea interessant. Eg ser tydelege likskapar med amerikansk film. Mens andre moglegvis kan tenke seg at dette var slik det var når dei vaks opp. Den tilknytninga har ikkje eg til innhaldet i Bare Bea.

Det dramatiske i dette dramaet stikk ikkje så altfor djupt hjå meg med andre ord. Men eg kan setje pris på det komiske i filmen. Og det er heldigvis ikkje ufrivillig komisk. Bare Bea har glimt i augo.

Av andre ting verdt å nemne så er filmen full av musikk av den norske gruppa Surferosa. Ei gruppe eg hadde god kjennskap til tidleg på 2000-talet. Dermed kunne også eg ta litt del i dette som ei tilbakeblikk i tida, sjølv om innhaldet i filmen elles var meir framand for meg.

Bare Bea 2004 plakat - Filmdagbok