Barely Legal

Bak Barely Legal står selskapet som pøsar på med mang ein elendig film, The Asylum. Barely Legal får den lite brukte rangeringa 1/5 av meg, noko eg gir under ein prosent av filmane eg ser.

Dette er eit forsøk på ein sexkomedie. Om tre jenter som fyller 18 år og vil miste jomfrudommen sin. Det er dessverre ikkje ein så dårleg film at han er morosam, han er berre irriterande.

Nakenheit og seksuelt lada situasjonar er det filmen støttar seg på. The Asylum har nokon morosamt dårlege filmar i blant, men Barely Legal er ikkje blant desse.

Barely Legal 2011 plakat - Filmdagbok