Barton Fink

Etter ei skuffande oppleving med Raising Arizona var det ein opptur å sjå ein god film frå Joel Coen og Ethan Coen. Barton Fink er med John Turturro og John Goodman. Eg skal trekke fram dei største årsakene til at Barton Fink er ein god film.

Joel Coen og Ethan Coen har ein god sans for detaljar. Detaljane er viktig for heilskapen, realismen og dermed stemninga. Stemninga på hotellet der store deler av filmen går føre seg er godt gjennomført, kanskje berre overgått av The Shining, mykje på grunn av detaljane som hovudpersonen observerer. Musikken hjelper på.

Observasjonane er som poetiske augneblinkar, det skjer noko i desse stille stundene (med musikk) som leiar tankane inn på tankar som eg reknar med me skal bli leia inn på, utan at noko blir sagt.

Filmar om forfattarar som denne har eg sansen for, sånn er det med den saka. Her er historia enkel nok. Kombinasjonen av skriveblokk og mørk thriller gir eit spennande preg over ein film som det eigentleg ikkje skjer så mykje i.

Når alt kjem til alt var det mest den gode stemninga eg beit meg merke i, det var ein fryd å ta inn over seg denne filmen.

Barton Fink 1991 plakat - Filmdagbok