Batman & Mr. Freeze: SubZero (1998)

Film / 7. august 2008
3/5

I Batman & Mr. Freeze: SubZero får Batman gjensyn med Mr. Freeze frå Batman: The Animated Series og må hanske opp med en kidnapping av Lt. James Gordons dotter, Barbara Gordon.

No har eg verken sett det ene eller andre av nokon Batman-seriar på tv og såleis ikkje Batman: The Animated Series heller, men Batman & Mr. Freeze: SubZero er en sjølvstendig animasjonsfilm som kan sjåast åleine viss ikkje å sjå den i samanheng med enten serien eller Batman: Mask of the Phantasm skulle vere ønskeleg.

Animasjonen er tydeleg på et stadie der 3D-teknikker er teke i bruk og er i enkelte få scener tydeleg et stykke i frå perfeksjonisme, men stort sett er dette like upåklageleg som det du ser i DC/WB sine nyaste satsingar.

Sjølve handlinga startar som en tradisjonell detektivhistorie, me blir introdusert for andre personar enn Batman, og etter kvart en kriminell handling. Musikk og stil gir assosiasjonar til 1950-talet og kler historia veldig flott. Når Batman og Robin gjer en sein entre er det med kraft, og utover i filmen blir dette meir og meir en spenningsfylt og eksplosiv film enn detektivisering, en passande utvikling sett frå min ståstad.

Batman & Mr. Freeze: SubZero 1998 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Batman, DC

Regi

Boyd Kirkland

Manus

Bob Kane, Randy Rogel, Boyd Kirkland

Skodespelarar

Kevin Conroy, Michael Ansara, Loren Lester, Efrem Zimbalist Jr., George Dzundza, Robert Costanzo, Bob Hastings, Mary Kay Bergman, Marilu Henner, Dean Jones

Sjangrar

Action, Animasjon, Drama, Krim, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Batman & Mr. Freeze: SubZero

Forfattar