Batman Begins (2005)

Film / 27. juni 2006
3/5

Omtrent så bra som det kan bli når teikneserie går til lerret. Filmen klarar å unngå å drepe deg med spesialeffektar, likevel om dei er til stades.

Filmen er morosam og har litt enkle one liners her og der, men eg skjønnar at det må til for å treffe dei breie publikum. Så nokon av dei kunne for min del ha vore unngått.

Det er ingen ting å utsetje på handlinga, eg likte ho.

Ein plass går grensa for alle filmar i å kunne sjå dei opp igjen. Denne har eg kryssa for Batman Begins. Fire gonger har eg sett filmen, og det er ein gong for mykje, men kinoopplevinga var heldigvis god nok til at det gjekk likevel.

I ein av Danmarks største kinosalar, rykta seier den 3. største, såg eg filmen i lag med 500 andre livsglade festivaldeltakarar. Roskilde Cinema som kinoen heitte, er ei mellombels oppsetting for sommarens Roskilde Festival, og gjer ikkje skam på verken engasjement eller inngangskostnader.

For til kr 0, men med ein halvtime i kø (som vidare er kort tid til å vere ventetid på festivalområde), fekk eg og alle andre sett filmen inkludert to tekniske problem, nok av jubelbrus ved alt som kan kallast høgdepunkt og klisjear, samt improvisert dansing av eit par fulle folk kledd ut som Batman og Robin.

Ei annleis filmoppleving.

Batman Begins 2005 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Batman, DC

Regi

Christopher Nolan

Manus

Bob Kane, Christopher Nolan, David S. Goyer

Skodespelarar

Christian Bale, Michael Caine, Liam Neeson, Katie Holmes (I), Gary Oldman, Cillian Murphy, Tom Wilkinson, Rutger Hauer, Ken Watanabe (I), Mark Boone Junior

Sjangrar

Action, Eventyr, Fantasi, Krim, Thriller

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Batman Begins

Forfattar