Batman Beyond: Return of the Joker

Batman Beyond eller Future Batman er eit rart opplegg der Bruce Wayne er blitt til ein gammal mann og den yngre person Terry McGinnis er vår nye Batman. Eg veit ikkje heilt om eg likar ideen, men filmen måtte sjåast.

For meg skal alltid superheltar leve i ei tidlaus verd. Uansett kor mange år det går skal verken superheltane eller deira hemmelege identitetar eldast. Miljøet knytt til dei kan bli tilpassa tida då filmen eller teikneserien er laga i, men dette må bli behandla med varsam hand. Eg vil ikkje miste miljøet helten blei skapt i og gjort kjent gjennom.

I Batman Beyond: Return of the Joker og sikkert nok i den animerte serien som filmen har spunne seg ut i frå, er det eit Gotham City 40 år fram i tid som møter oss, og det ser ikkje bra ut. For å sette tankane mine litt på plass, Gotham City er ein av dei viktigaste miljøa blant superheltar eg har litt tilknyting og kunnskap om, meir enn Metropolis har for Superman og New York har for Spider-Man. Det gjer meg vondt å sjå at i tillegg til at Bruce Wayne ikkje er Batman, at Gotham City er gjort til ei platt og futuristisk teikning i bakgrunnen av ein kamp som aldri kan bli den tenkte revansjen for Jokeren, nettopp på grunnlag av at andre folk står i rollane til våre kjente karakterar.

Så kvifor så raus i vurderinga? Trass i vonbrot som eigentleg grunnar ut i at eg stilte blank til konseptet Batman Beyond så er Return of the Joker ein eksplosiv liten animasjonsfilm som aldri står stille, som portretterer ein aldrande Bruce Wayne på ein måte eg kan tru på og som har den ekstra sprø vrien ved Jokeren som gjer han både underhaldande og skremmande.

Batman Beyond: Return of the Joker 2000 plakat - Filmdagbok