Batman Forever

Film / 1995
2/5

Batman Forever er eigentleg ikkje så mykje dårlegare enn forgjengaren, Batman Returns. Han legg seg på å vere ein heilt grei film, har sine små irriterande sider og nok fart og spenning til å halde det gåande som underhaldning.

For å ta det positive først, Val Kilmer utgjer ein meir karismatisk Bruce Wayne og har ei tøffare Batman-stemme, Tommy Lee Jones går verkeleg inn i rolla som Harvey Dent og det er som nemnt ein god del fart her, heile tida skjer det noko.

Det negative er lette å finne fram til, ingenting er særleg djupt grunngitt. Nicole Kidman står for ein ganske flat karakterpresentasjon, kamera er ei overdriven etterlikning av dei førre filmane og framstår som rotete og uprofesjonelt. Lista er lang og blir lengre når Chris O'Donnell som Robin dukkar opp.

Likevel tykkjer eg dette gjekk heilt greitt i boks, kanskje fordi Joel Schumacher klarar å halde det utan pause med action slik at eg ikkje tok meg tid til å gruble for mykje undervegs, kanskje fordi enkelte dårlege val frå regissøren sett til side så er ikkje essensen i historia her så mykje annleis enn tidlegare, noko som eg synst talar til fordel for filmen. Du har dei klovneaktige skurkane på ene sida og Batman på den andre.

Hadde skalaen vore meir fleksibel ville han nok hamna nærare 3/5, men samanlikna med dei tidlegare filmane som Batman og Batman Returns så er denne svakare, i så måte at han framstår som mindre smart og enklare sett saman.

Batman Forever 1995 plakat - Filmdagbok

Publisert

6. august 2008 av

Merkelappar

Batman, DC

Regi

Joel Schumacher

Manus

Bob Kane (I), Lee Batchler, Janet Scott Batchler, Akiva Goldsman

Skodespelarar

Val Kilmer, Tommy Lee Jones, Jim Carrey, Nicole Kidman, Chris O'Donnell, Michael Gough (I), Pat Hingle, Drew Barrymore (I), Debi Mazar, Elizabeth SandersVis alle 85 skodespelarar

Sjangrar

Action, Fantasi, Krim, Thriller

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Batman Forever