Batman: Gotham Knight

Film / 2008
4/5

Mens andre storkosar seg med The Dark Knight må eg nøye meg med animert film rett på DVD. Batman: Gotham Knight er den tredje filmen ut i serien DC Universe Animated Original Movies og består av seks mindre historier frå tidsepoken mellom filmane Batman Begins og The Dark Knight. Desse historiene har både ulik teiknestil og er basert på arbeidet frå fleire menn med maskemannen, deriblant manusforfattar David S. Goyer frå Batman Begins.

Det interessante med Batman: Gotham Knight er dei mange ulike vinklane Batman som myte og person blir angripe på, noko som gjer at alle historiene i lag blir til noko meir enn berre tilfeldig samansette kriminalforkjemparane heltebragder. Det er eit visst mørkt preg over dette, om ikkje så elegant utført som på dei ekte filmane eg har sett. Likevel er avstanden til typen animasjon frå Cartoon Network så stor at dette ikkje kan kallast barnefilm, sjølv om ein ung gut nok ville fryda seg over spenningssekvensane ville det vesentlege i forteljingane forsvunne.

Animasjonen er varierande, i blant veldig tøff, andre gonger mindre spennande å legge merke til, men heile tida passande med mørke farger. Lengda på 75 minuttar er ikkje eit minutt for kort og om eg ikkje kan gå god for at denne glir godt inn før The Dark Knight (fordi eg ikkje har fått sett han) så får eg nok ut av den som ein etterfølgjar i tidslinja til Batman Begins. Også er det litt spennande at animasjonsfilmen aldri prøver å gå under huda på verken Bruce Wayne eller Batman .

Batman: Gotham Knight 2008 plakat - Filmdagbok