Batman: Mask of the Phantasm

DC animated universe er ein omgrep som står for ulike animerte seriar som deler kontinuitet innan DC-universet, samt enkelte avspinnarar. I løpet av 10 år kom det fire slike filmar frå Warner Bros., alle om Batman. Ein femte film om Justice League blei lagt på is og sidan 2003 har det ikkje skjedd noko på denne fronten, lite sannsynleg er at det vil skje noko i tida framover også, da DC og Warner Bros. i fjor starta DC Universe Animated Original Movies-satsinga som står på eigne føter utanfor animerte seriar.

Batman: Mask of the Phantasm er første film ut i rekka. Gangen i handlinga er sett til 1950 eller 1960-talet etter bilar, klede og bygningar å dømme. Teiknestilen passar godt med sine litt klosseaktige ansikt og harde kantar. Av skurkar finn me både The Joker og The Phantasm, men i motsetning til Spider-Man er jo aldri Batman så enkelt som å jakte ned og slåst mot ein superskurk. Ikkje stygt meint, Spider-Man-filmane er fine dei. Handlinga involverer også mafia, pengeutpressing, ein del tilbakeblikk til korleis flaggermusmannen blei til – som står seg både ulikt frå og ufullstendig samanlikna med Batman Begins (igjen, forskjell er berre bra det).

Filmen byr ikkje på nokon wow-opplevingar, men har eit godt driv og ei god stemning. Mark Hamill gir stemma til The Joker, og sjå at denne karakteren fungerer så godt i denne historia som i Batman av Tim Burton frå 1989 stadfestar for meg at mykje av grunnen bak suksessen i denne karakteren er at han simpelt hen er ein genial fantasi, og eg gler meg endå meir til å kunne sjå Heath Ledger gjere The Joker-rolla i The Dark Knight.

Batman: Mask of the Phantasm 1993 plakat - Filmdagbok