Batman: New Times

Film / 2005
3/5

Batman: New Times er ein avgangsfilm frå eit amerikansk college som lærer bort dataanimasjon. Figurane her er legofigurar, og dei er vellaga. I tillegg har produksjonen fått med seg ei rekke kjente namn som stemmer, men korleis dei har fått til det er eg usikker på.

Dette er i stor grad ei samling av kjente karakterar, og eit føreseieleg plott med Joker i sentrum. Alt blir gjort på korte 11 minuttar, så det er lite tid til å gjere meir enn å levere nok framdrift til at historia blir ferdig.

Joker gjer som han pleier. Batman prøver å unngå Catwoman, og Robin er der for å rote ting til, sannsynlegvis.

Batman: New Times 2005 plakat - Filmdagbok