Batman Returns (1992)

Film / 5. august 2008
3/5

Oppfølgjaren til Tim Burtons Batman frå 1989 med Michael Keaton er nok en Tim Burton film med Micahel Keaton. Dei fleste spora frå handlinga i den førre filmen er viska ut og det heile startar like midt i kvardagen til Bruce Wayne som i Batman.

Gotham City er fanga på film like mørk og dyster som Burton gjorde i 1989 og det er ingenting å utsette på det tekniske i heile tatt, kameraarbeidet fangar byen som en eigen karakter og bidrar mykje til at dette blir en mørk og ikkje komisk film. Intensjonane til Burton kan derimot vere andre enn eg forventa av Batman Returns, viss tittel ikkje er meir enn et kjedeleg salstriks, for eg blei litt skuffa over denne filmens gang.

For det første framstår verken Max Shreck (Christopher Walken) eller pingvinmannen (Danny DeVito) som spesielt truande skurkar, mange av knepa deira mot flaggermusmannen framstår heller som sjofle triks enn forsøk på å rydde han fullstendig av bana, på den andre sida står Batman, neglisjert i store deler av filmen, som en veldig svak motstandar og flat karakter. Når Batman går rundt i kostymet sitt som om han var brisen, halvt oppmerksam på ting som skjer rundt han, mister eg litt av respekten for han som helt, for vegen til rydde pingvinmannen av dagen viser seg etter kvart å vere veldig enkel.

Sett bort frå desse svakheitene er det likevel nok med Batman Returns som gleder, tidlegare nemnde velportretterte Gotham City står som et utmerka bakteppe, filmen har fleire sider som heng saman på en i en slik samanheng truverdig måte, utover siste delen blir det også spennande. Både Christopher Walken, Danny DeVito og Michelle Pfeiffer gjer godt ut av rollefigurane sine, sjølv om det i blant skrantar på handlingane desse figurane utfører.

Så, Batman Returns har utvilsamt nok av svake sider, men sluttresultatet er likevel godt nok til at eg let meg underhalda meir enn frustrere. Batman kunne utvilsamt vore tøffare, eg klarer likevel ikkje unngå å like filmen litt.

Batman Returns 1992 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Batman, DC

Regi

Tim Burton

Manus

Bob Kane, Sam Hamm, Daniel Waters

Skodespelarar

Michael Keaton, Danny DeVito, Michelle Pfeiffer, Christopher Walken, Michael Gough (I), Michael Murphy (I), Cristi Conaway, Andrew Bryniarski, Pat Hingle, Vincent Schiavelli

Sjangrar

Action, Fantasi, Krim, Thriller

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Batman Returns

Forfattar