Batman: The Dark Knight Returns, Part 1 (2012)

Film / 21. september 2012
4/5

Ti år etter at Batman pensjonerte seg er han tilbake. Batman: The Dark Knight Returns, Part 1 tek utgangspunkt i Frank Miller si mørkare utgåve av Batman, som har vore ynda for filmatisering dei siste åra.

I dette innslaget i DCDC Universe Animated Original Movies møter Batman motstand i form av ein hær av mutantar. Det er denne hæren som tvingar ein gammal Bruce Wayne tilbake i søkelyset.

Filmen har både gode karakterar, og formidlar ein interessant bakhistorie og enkel action i løpet av korte 75 minutt. I staden for å køyra med på for mange trådar gjev han seg der. Framhaldet med nye fiendar er Batman: The Dark Knight Returns, Part 2.

Eg har sansen for dette. Teiknefilmformatet har og gjer framleis underverk i DC si satsing på superheltar. Eg har følgt med sidan starten i 2007, og ser framleis straks dei nye innslaga. Gode historier får kvar sin film, og det er ingen behov for å blåsa dei opp som det er med spelefilmar for kinolansering.

Batman: The Dark Knight Returns, Part 1 2012 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Batman, DC Universe Animated Original Movies, DC

Regi

Jay Oliva

Manus

Bob Kane, Frank Miller (II), Klaus Janson, Bob Goodman, Lynn Varley

Skodespelarar

Peter Weller, Ariel Winter, David Selby, Wade Williams, Carlos Alazraqui, Dee Bradley Baker, Paget Brewster, Maria Canals-Barrera, Cathy Cavadini, Townsend Coleman

Sjangrar

Action, Animasjon, Krim

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Batman: The Dark Knight Returns, Part 1

Forfattar