Batman: The Dark Knight Returns, Part 2 (2013)

Film / 23. januar 2013
4/5

Batman: The Dark Knight Returns, Part 2 er en tett oppfølgjar til Batman: The Dark Knight Returns, Part 1. Desse to filmane er 15. og 16. innslag i DC Universe Animated Original Movies-serien. Eit prosjekt som siden 2007 har gitt ut to-tre animasjonsfilmar i året basert på DC-teikneseriar. Dette omfattar Superman, Batman, Justic League, med fleire.

I historia som utfoldar seg i Batman: The Dark Knight Returns møter me en gammal Bruce Wayne. I første del føler han seg tvinga til å gjenoppstå som Batman og må kjempe mot ein hær av mutantar. I andre del er fienden Joker, Superman, politiet og militæret.

Batman: The Dark Knight Returns, Part 2 byr som sin forløpar på spenning i form av ei god historie og brutale kampscener. Det er ikkje spesielt komplisert, men det enkle fungerer for desse filmane. Både lengde og fordeling av oppbygging og kampscenene er god, så det blir aldri kjedeleg.

Batman: The Dark Knight Returns er blant det beste som har komme ut av DC Universe Animated Original Movies-serien hittil. Det er rett og slett fordi Batman er ein karakter som går sine eigne vegar. Han kan overraske, han kan ha både god og dårleg moral.

Batman: The Dark Knight Returns, Part 2 2013 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

DC Universe Animated Original Movies, Batman, DC

Regi

Jay Oliva

Manus

Bob Kane, Jerry Siegel, Joe Shuster, Frank Miller (II), Klaus Janson, Bob Goodman, Lynn Varley

Skodespelarar

Peter Weller, Ariel Winter, Michael Emerson, David Selby, Mark Valley, Carlos Alazraqui, Dee Bradley Baker, Paget Brewster, Maria Canals-Barrera, Townsend Coleman

Sjangrar

Action, Animasjon

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Batman: The Dark Knight Returns, Part 2

Forfattar