Batman: The Killing Joke (2016)

Film / 21. oktober 2016
3/5

Filmane i animasjonssatsingen DC Universe Animated Original Movies er ein gjengangar på Filmdagbok, og har vore det i nokon år nå. Det har for lengst blitt obligatorisk for meg å sjå det nye som kjem ut, noko som har sitt opphav i at eg rett og slett likar mesteparten av filmane.

Batman: The Killing Joke baserer seg på historie av same namn Alan Moore og Brian Bolland. Det er mykje handling som bli fortalt på relativt kort tid, da filmen er på snaue 75 minuttar. Som Batman og hans forhold til Batgirl, og opphavet til The Joker.

Filmens underliggande tematikk er psyken til ulike personar involvert. Ein sekvens kor Batman fortel til Batgirl om korleis mørke tankar trekk han i hans ofte mange håplause netter mot grufulle personar, er rett på sak. Historia om The Joker er ikkje fullt så interessant, men eg likar at den byggjer på det faktum at dette var ein fyr som ikkje hadde tatt godt nok tak i seg sjølv i utgangspunktet. Og at forklaringa på dei grufulle handlingane til The Joker ikkje ligg i noko sånt som at sånt skjer bare.

Batman: The Killing Joke er ikkje DCs høgdepunkt, den manglar litt driv og en meir involverande og gripande historie. Meir om Batgirl hadde eg sett pris på. Og mindre om The Joker.

Batman: The Killing Joke 2016 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Batman, DC Universe Animated Original Movies, DC

Regi

Sam Liu

Manus

Brian Azzarello, Brian Bolland, Bob Kane, Bill Finger, Alan Moore

Skodespelarar

Kevin Conroy, Mark Hamill, Tara Strong, Ray Wise, John DiMaggio, Robin Atkin Downes, Brian George, JP Karliak, Andrew Kishino, Nolan North

Sjangrar

Action, Animasjon, Drama, Krim, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Batman: The Killing Joke

Forfattar