Batman: Under the Red Hood

Film / 2010
4/5

Det nyaste tilskotet i DC Universe Animated Original Movies-familien er den tredje Batman-filmen hittil i serien, og involverer Batman, Black Mask, Red Hood og Joker.

Filmen er som resten av serien, basert på eksisterande materiale frå DC, som denne gongen har vore Under the Hood av Judd Winick frå 2005.

Eg vil ikkje røpe meir av handlinga enn at hovudstrukturen til filmen er ein trekanta konflikt mellom vigilanten Batman, gangsteren Black Mask og oppkomlingen Red Hood som er ein mellomting av desse to. I kampen mellom desse spelar Joker ei sentral rolle.

Filmen får danna ei god bakgrunnshistorie som går på tvers av fleire karakterar, noko som skapar ei spenning i actionsekvensane me blir bydd. Samanhengen mellom alt og alle blir tydeleg formidla innanfor rammene av 75 minuttar, og med gjennomsnittleg kjennskap til Batman står dette for meg fram som ein komplett animasjonsfilm.

Av andre sider som er verdt å nemna er kompliserte personlegdommar og noko eg vel å kalle ein vaksen tone. Desse to går hand i hand. Karakterane i filmen har sine eigne verdigrunnlag, og handlar tydeleg ut i frå meir enn eit oversiktleg bilde for kva som er rett og urett, godt og vondt. Me får oppleve både karakterutvikling og utnytting av svakare sider ved psyken, samtidig som filmen kan overraske ved å snu på ein femøring. Løysingar av denne sort bidrar til å gi ei kjensle av at filmen ikkje undervurderer publikummet sitt, og kan nå ut til fleire aldersgrupper.

På tampen vil eg gjere det klart at dette innlegget handlar om ein type animasjonsfilm som kjem rett på video. Forventningane mine er andre til ein sånn film enn ein som er innom kino, og innhaldet her på lesast med dette i tankane. Om det burde vere sånn eller ikkje, er forresten ei sak å diskutere for seg sjølv. For med prislappar på video ved lansering, samanlikna med det du får for ein kinobillett, burde du kunne krevje at dette skulle legge seg på eit nivå over?

Batman: Under the Red Hood 2010 plakat - Filmdagbok