Batman: Year One

Film / 2011
4/5

Den siste filmen frå DC Universe Animated Original Movies i 2011 er Batman: Year One. Det er historia om hendingane som involverer Bruce Wayne, James Gordon og Selina Kyle første året etter Bruce Wayne er komme tilbake til Gotham.

James Gordon kjem til Gotham samstundes med Bruce Wayne, og han er karakteren me følger mest av dei tre sentrale som me er innom. Politiet i Gotham er prega av korrupsjon og Gordon møter både motvillige kollegaer og fysiske barrierar. At Batman dukkar opp gjer ikkje jobben hans lettare.

Bruce Wayne kjem tilbake frå 18 år ein annan stad. Han er utålmodig og vil byrje kampen mot kriminaliteten så fort som råd. I ei parallell historie til Gordon si fortel Batman: Year One om korleis Wayne blei til Batman. Likskapane til Batman Begins er her. Batman: Year One er ein adapsjon av teikneserien med same namn, ein teikneserie som Batman Begins henta inspirasjon.

Catwoman, dekket til Selina Kyle, får minst plass i filmen. I heile tatt er ho så lite med at ho kanskje kunne ha vore fråverande, men ho syner at Gotham er meir enn berre Batman.

Batman: Year One kan godt vere den beste filmen i rekka til DC Universe Animated Original Movies fram til i dag, han er iallfall nær. Det er plass til minst to gode historier om opphav, interne og eksterne konfliktar på mange plan, og ein del intens skyting. Alt utan dødtid.

Filmen er god, sjølv om eg har sett deler av historia i Batman Begins tidlegare. I løpet av 65 minuttar gjer han alt som trengs for å vere engasjerande og underhaldande. Om Batman: Year One fortel historia like godt som teikneserien han baserer seg på, det får vere opp til andre å dømme.

Batman: Year One 2011 plakat - Filmdagbok