Battle

Ei jente er flink å danse. Ho bur på Snarøya. Faren er rik. Ho går på danseskule. Instruktøren seier at ho manglar å formidle kjensler i dansen. Så går faren konkurs. Dei må flytte til Ellingsrud. Til austkanten i Oslo. Det er berre dei to. Jenta møter på hip hop-miljøet på Ellingsrud. Ho blir interessert. Dette gjer ho betre til å danse moderne dans også. Kontakten med vestkantmiljøet blir mindre.

Dette er Battle i korte trekk. Det er ein norsk dansefilm. Han er førseieleg og gjenkjenneleg som dansefilm. Men det er ein god film. Det er ein film som gir ei god kjensle. Filmen dvelar mykje ved mangel på kommunikasjon. Det blir eit poeng han hamrar inn heile vegen. Det blir litt i overkant. Men elles er reisa til jenta i hovudrolla ei forståeleg ei. Det er god dansing. Det er spenning i å utforske nye miljø. Og det handlar ikkje minst om å vekse opp. Det å vekse opp fort.

Battle har Lisa Teige i hovudrolla. Lisa Teige spelte Eva i Skam. I Battle er ho som ein heilt annan karakter. Og ho kan danse. Motspelaren hennar er Fabian Svegaard Tapia. Han kjenner eg ikkje til. Han kan danse. Karakteren hans er godt skriven. Men han er ikkje den beste skodespelaren. Venninnegjengen til jenta er meir interessant. Der er det mindre kommunikasjon. Mindre kommunikasjon betyr meir dramatikk.

Eg gir Battle godkjentstempelet. Det er ein enkel film. Men han gjer det enkle bra nok.

Battle 2018 plakat - Filmdagbok