Battlestar Galactica

Serie / 2003–2003
3/5

Miniserien Battlestar Galactica kom ut i 2003 og fungerte som ein pilotepisode for det som blei til serien Battlestar Galactica.

Eg så denne miniserien ikkje lenge etter den kom ut. Den gongen tykte eg ikkje det var dei helt store greiene. Først nokon år seinare, i samband med at eg starta med serien og fort blei hekta, gav eg serien ein ny sjanse.

Det var først etter å ha bli hekta og fått karakterane frå serien under huda, samt ei større innsikt i kor denne historia tok oss, at eg sette meir pris på miniserien.

Det kan hende ting hadde vore annleis i dag, om eg hadde sett på dette som ein pilotepisode og straks gått vidare med resten. Det einaste negative eg då vil legge til, er at sjølv då eg henta denne fram igjen, så tykte eg at tempoet var noko labert. Som om det ikkje var nok historie å fortelja på dei tre timane dette varer til saman, fordelt på to lange episodar.

Battlestar Galactica 2003-2003 plakat - Filmdagbok