Battlestar Galactica (2004–2009)

Serie / 8. mai 2009
5/5

Battlestar Galactica er ein science fiction-serie der handlinga for det meste går føre seg på svære romskip, delvis på ein jordliknande planet. Cylons, maskiner skapt av menneske, har gjort opprør, utvikla seg vidare, og snudd seg fullstendig mot menneskesivilasjonen. Drive på flukt av desse i verdsrommet møter overlevande menneske på mange problem, som blir større ettersom cylons er i hælane.

Battlestar Galactica handlar først og fremst om menneska sine problem. Her er det ingen romvesen. Cylons er faktoren som er med på å skape eit vanvittig press. Dei to viktigaste gruppene me følger er militære og politikarar. Naturleg med ein del ulike synspunkt. Ved sidan av nokon heftige romskipkampar og andre spennande kampsekvensar er politikk ei viktig ingrediens for serien. Utan det og religiøs diskusjon hadde serien mist heile grunnmuren sin. På sett og vis kan eg sei at Battlestar Galactica kunne ha gått føre seg i mange miljø med berre små endringar til historia, ettersom det meste botnar ut i ting me alle kan forstå og ikkje all berre tomt prat om teknologi.

Ein av styrkane til Battlestar Galactica har vore at historia har eit sterkt driv framover, viser stabilitet, samtidig som framdrifta skjer i svært ulik rytme frå episode til episode. Det er ikkje snakk om episodar som dryg ut tida her, for alt er relevant på ein eller annan måte. Dette opnar for periodar med historie som kan verke svært ulikt frå det serien har vist tidlegare, noko som det er aningar til i frå slutten av andre sesong.

Battlestar Galactica kravde tolmod i starten, men fort blei det ein av seriane eg har vore mest hekta på. Ikkje etter miniserien Battlestar Galactica som fungerte som ein pilotepisode, men fort etter. Det tok meg to episodar før eg var godt med på notane. Fire før eg var hekta. Og dei resterande seks episodane så kjapt etter. Dette er meir enn normalen når eg er hekta på ein serie.

Enkelte av episodane er simpelt hen fantastiske. Battlestar Galactica er lagt opp til at fleire av episodane har historier som held fram i neste, noko som ofte gjer det umogleg å slå av etter å ha sett ein enkelt episode. Episodane som ikkje er fantastiske er på kanten, det skjer ting heile vegen, serien er stabil. Han klarer stadig å gjere det interessant ved å vere innovativ, overraske på høgt nivå.

Sett etter sesongar var første og andre sesong som kjempegode. Tredje sesong var nær, fjerde sesong var eit hakk under igjen. Men å etter kvart vite at det skulle komme ein skikkeleg slutt på serien var ein viktig motivasjon.

Battlestar Galactica 2004-2009 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Battlestar Galactica, Syfy

Skaparar

Glen A. Larson, Ronald D. Moore

Skodespelarar

Edward James Olmos, Mary McDonnell, Jamie Bamber, James Callis, Tricia Helfer, Grace Park, Katee Sackhoff, Michael Hogan (II), Aaron Douglas (I), Tahmoh Penikett

Sjangrar

Action, Drama, Eventyr, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Battlestar Galactica

Forfattar